Klima- og forurensingsdirektoratet

 

Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT) ligg under Miljøverndepartementet og har 340 tilsette ved kollektivknutepunktet Helsfyr i Oslo. Vi iverkset forureiningspolitikken og er vegvisar, vaktar og forvaltar for eit betre miljø. Dei viktigaste arbeidsområda våre er klima, miljøgifter, hav og vatn, avfall, luft og støy. Vi jobbar for ei forureiningsfri framtid.

Våre funksjonar og roller:

Vi overvaker og informerer om miljøtilstanden

Vi har oversikt over tilstanden og utviklinga i miljøet , og saman med andre kunnskapsmiljø, byggjer vi opp og formidlar miljøkunnskap. Hovudkanalen for dette er Miljøstatus i Noreg.

Vi utøver myndigheit og fører tilsyn

Vi forvaltar og handhever forureiningslova, produktkontrollova og klimakvotelova. Vi gir løyve, stiller krav og set grenser for utslepp, og fører tilsyn med at krava blir overhaldne.

Vi styrer og rettleier fylkesmennene sine miljøvernavdelingar

Vi styrer fylkesmennene sitt arbeid på forureiningsområdet, samordnar tilsynsarbeidet til fylkesmennene og tilrettelegg for felles tilsynsaksjonar. Vi rettleier fylkesmennene og er også klageinstans for Fylkesmannens vedtak etter forureiningslovgivinga.

Vi er ein rådgivar og pådrivar for auka miljøinnsats

Vi seier frå dersom miljøtilstanden utviklar seg feil i forhold til miljømåla i Noreg eller internasjonale forpliktingar. Vi synleggjer dei vesentlege miljøutfordringane i ulike sektorar, og vi gir Miljøverndepartementet våre vurderingar og råd om mogelege tiltak og verkemiddel.

Vi deltek i internasjonalt miljøvern- og utviklingssamarbeid

Vi deltar i ei rekkje internasjonale prosessar. Der arbeider vi for at regionale og globale avtalar skal redusere alvorlege miljøproblem. Vi samarbeider også med miljøforvaltningar i andre land for å overføre forvaltningskompetanse og hjelpe til miljøforbetringar.

For meir informasjon, gå til KLima- og forureiningsdirektoratets nettside.

KLIF_logo_PMS_pos-1

Klif seier frå dersom miljøtilstanden utviklar seg feil i forhold til miljømåla i Noreg eller internasjonale forpliktingar. Vi synleggjer dei vesentlege miljøutfordringane i ulike sektorar,